Kommunen må betale for ferja til Skår

– Ei dramatisk endring av vilkåra for ferjedrifta

Ørsta kommune må betale i utgangspunktet 100 prosent av kostnadene for å ha ferje til Skår etter 1. januar 2020. Det er ei dramatisk endring av vilkåra, kommenterer kommunen.

Hjørundfjordferja: Ferja på veg frå Trandal til Sæbø. Det kan vere ei rute for historiebøkene etter 1. januar 2020. 

Nyheiter

Ørsta kommune har hatt møte med Møre og Romsdal fylkeskommune om det nye ferjetilbodet på Hjørundfjorden etter at fylkeskommunen har sendt ferjedrifta for tidsrommet 2020–2030 ut på tilbod.


Ordførar Stein Aam fortvilar

– Fell Skår, kva vert det neste?

Ordførar Stein Aam fortvilar over trugsmålet om at ferjekaia på Skår kan verte lagt ned.



Ferjetilbodet på Hjørundfjorden

Ferja til Skår kan verte kutta

Det kan verte slutt med ferje til Skår frå og med 2020. Det går fram av konkurransedokumentet som er sendt ut i samband med tilbodsrunden for ferjedrifta på Hjørundfjorden frå 2020.

 

Av konkurransegrunnlaget som kjem fram i tilbodet, kan det sjå ut som om ferjetilbodet til Skår heilt vert kutta ut, og at tilbodet til Standal/Trandal vert forringa. Mellom anna at det vert ein avgang mindre, og at ferjer til desse ferjekaiene berre skal skje på signal.