Opna leikepark til 2,5 millionar

Klar, ferdig, leik!

Borna i Volda har fått ny og påkosta leikepark.

Maximilian B. Aguilar (3) Felix B. Aguilar (5) og Vilje Gjesdal-Kornberg (5) i den nye leikeparken i Volda.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Måndag ettermiddag vart Stadionparken, som ligg ved Mørehallen, offisielt opna.

Stadionparken ligg ved Mørehallen og fotballbanane, i eit område der det er investert mykje dei sista åra.  Foto: Svein Aam

 

- Gratulerer alle med ein flott Stadionpark. Den vil heilt sikkert vere til glede for både fastbuande og tilreisande, sa leiaren i VTI Allianse, Jon Rotevatn,  under opninga.

Frå før har VTI fotball sine aktivitetar i området, og her er skatepark. No har det kome ein ny bolteplass, som mest er for borna.

På området er fleire flotte leikeapparat og ein ballbinge. Dei asfalterte småvegane på området har trafikkskilt og oppmerking slik at borna kan øve seg på trafikkreglane.

Gang og sykkelvegane i Stadionparken er merka opp og har trafikkskilt  Foto: Svein Aam

 

Initiativet kom frå barneturlaget i Friluftsforeininga i Volda.

- Vi fekk først 300.000 kroner frå Gjensidigestiftinga. Seinare har fleire sponsorar kome til, fortel Cecile Åmås i Friluftsforeininga.

Det er i alt 16 sponsorar som har gjort anlegget muleg, mellom dei Sparebank1 Søre Sunnmøre, A.Våge AS, KA Aurstad AS og Sparebanken Møre.

Kommunen har og bidratt, i tillegg til at det har kome tippemidlar.

Og det kan bli eit byggjesteg to.

- Ein tanke er mellom anna å legge til rette for vassaktivitetar i Rotevatnet i dette området, seier Jon Rotevatn i VTI Allianse.