Får bygge hytter på dyrkajord

Landbruksnemnda gjekk samrøystes inn for at Sverre Njål Urke skal få omdisponere delar av eit omsøkt jordbruksareal til å bygge hytter.

Hyttetomter: På Ytre-Urke vil Sverre Njål Urke bygge to hytter. Foto: Rune Sæbønes  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Tilrådinga frå administrasjonen var at landbruksnemnda skulle gje avslag på søknaden. Det aktuelle området er på Ytre-Urke. Både fylkes kommunen og fylkesmannen varsla tidlegare i sommar motsegn mot planane.

Landbruksnemnda var på synfaring i saka tysdag denne veka. Urke hadde søkt om to ulike alternativ. Nemnda gjekk felles inn for alternativet ved sjøen var uaktuelt utifrå jordvernomsyn, og gav avslag.

– Når det gjeld det andre alternativet er det ei bratt reine som har mindre verdi om jordbruksareal, og er vanskeleg å hauste med moderne reiskap. Viss ein her kan spare det drivverdige dyrkaarealet, kan landbruksnemnda akseptere ei frådeling av inntil 1,5 sa samla areal, der ein avgrensar tomtene med ei lengde på inntil 50 meter mot vest frå eigedomsgrensa, og avgrensing i bakkekanten i søraust, heiter det i vedtaket frå nemnda.

Vedtaket var eit fellesframlegg og vart samrøystes vedteke.