31 fekk beltegebyr på bussen

Statens vegvesen kontrollerte 2160 busspassasjerar i Midt-Noreg førre veke. I Møre og Romsdal fekk 31 personar gebyr for å ikkje bruke belte på bussen.

Illustrasjonsfoto 

Nyheiter

Passasjerar i Trøndelag vart også kontrollerte. Her fekk 87 av 1.262 gebyr for manglande bruk av belte i bussen.

I Møre og Romsdal vart 898 passasjerar kontrollerte, og 31 fekk gebyr.

- Eg opplever at mange passasjerar er positive til at vi har kontrollar. Sjåførane også, sjølv om dei har ruter dei skal halde og ikkje likar forseinikingar. Heldigvis er kontrollane våre effektive, seier Annette  Henden i Statens vegvesen Region midt.

- Vi er veldig nøgde med at dei aller fleste av dei kontrollerte busspassasjerane hadde festa på seg bilbeltet, ia lle fall som vi klarte å oppdage i kontrollen, seier Henden.

Flesteparten av gebyra har vorte skrive ut når dei har stoppa bussar i tettbygde strok, altså der fartsgrensa er lågare.

- Passasjerane er mindre flinke til å feste på seg beltet når bussen køyrer i låg fart, og eg kan berre oppmode alle busspassasjerar til å feste på seg beltet med ein gong dei set seg på bussen, seier Henden.

Gebyret for å ikkje feste beltet på bussen er 1.500 kroner.