Erkegarden frå forfall til hotell:

– Her er det råd å drive høgstandardturisme

Den ikoniske Erkegarden på Bjørke får no ei nødvendig oppgradering. Eigar Inge Kolås har planar om å nytte det ærverdige bygget til hotell og dokumentasjonssenter, men det er enno for tidleg å seie når det står klart.

Erkegarden: Restaureringa av Erkegarden har pågått i over tre år. Inge Kolås er nøgd med progressjonen i arbeidet, men vil ikkje sette ein frist for når arbeidet skal vere ferdigstilt. 

Nyheiter

– Taket er ferdig og alt som har vore rote i av konstruksjonen er utbetra. Vi har isolert og fått bordkledning på to sider av fasaden. Eg tykkjer at vi har kome godt i gang, seier Kolås entusiastisk.