– Truleg forstod dei færraste i kommunestyret at Ørsta reiselivslag/turistkontoret med eit pennestrok miste heile det kommunale tilskotet på 260.000 kroner då budsjettvedtaket for 2018 vart gjort, skriv Anne Ellingsen (V) i ein interpellasjon til kommunestyret.
Ho siktar til at i samband med masterplanen for Hjørundfjord/Ørsta-regionen i staden fekk dette tilskotet, mellom anna til oppretting av ei prosjektstilling for å gjennomføre tiltaka i planen.