Sigurd (10) er skuffa over det papirlause samfunnet

Samla 45,7 kilo papir

Ein dag fekk Sigurd nok av all uadressert reklame i postkassa. Han bestemte seg for å samle i eitt år for å sjå kor mykje papir det handla om. Resultatet: 45,7 kilo.

Snart i dunken: Elise (8) og Sigurd Øye Færøy med dei siste restane av det innsamla papiret.  Foto: Rune Sæbønes

Det er altfor mykje papir, og det er ikkje bra for miljøet

Nyheiter

– Eg har ansvaret for å ta ut alt boset til bosdunkane. Eg synst det vart heilt feil at vi skulle ta inn alt dette papiret frå postkassa, berre for å bere det ut i papirdunken igjen, fortel Sigurd Øye Færøy (elleve i november).