Søppelbrann i Ørsta - slag i Volda

Nyheiter

Laurdag kveld fekk 110-sentralen melding om brann i ei søppelbytte i Ørsta sentrum. Innringaren hadde tømt vatn over brannen, men var usikker på om den var heilt sløkt. Befal frå Ørsta brannvern rykka ut og gjekk over brannområdet med varmekamera. 110-sentralen gir ros til innringaren for jobben som vart gjort.

Like etter midnatt vart ei jente i slutten tenåra frå Volda teke hand om av politiet i Volda. Jenta var rusa. Ho vart køyrt til legevakt og foreldra vart varsla.

Klokka 02.30 vart ein mann i 20-åra meld for drikking på offentleg stad i Volda.

Klokka 02.48 vart ein mann i 20-åra meld for urinering på offentleg stad.

Ein mann i 20-åra frå Ulstein vart utsett for vald i Volda natt til søndag. Politiet fekk melding om hendinga 04.33. Mannen vart slått i hovudet og gjerningspersonen er kjent.