Byggestart på Hovden skule i januar

I januar går startskotet for å få orden på Hovden skule.

Skule: Hovden skule skal fiksast. Hovuddelen av arbeidet startar i januar.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Dette handlar om rehabilitering og ombygging.

Prosjektutviklar i kommunen, Ivar-Otto Kristiansen, orienterte levekårsutvalet om prosjektet denne veka.

Det er registrert mange avvik på skulen i Hovdebygda: Mellom anna er ikkje dei funksjonshemma sine behov tilfredsstillande vareteke og øvrebygget er underdimensjonert når det gjeld ventilasjon. Garderobeanlegg stettar ikkje krava, taket på skulen lek og må skiftast. Vindauge er punktert og det er fukt i kjellaren i nedrebygget. Men det finst noko positivt i det heile:

– Etter å ha gått gjennom bygningsmassen og det tekniske, er tilstanden på skulen betre enn føresett, sa Kristiansen.

Arbeidet med å ordne taket startar allereie i haustferien.

Det har også vore registrert maur i klasseromma og i garderobar.

– Vi har fått fem millionar til å reparere skulen. Dersom det vert omfattande arbeid med å verte kvitt mauren, kan det hende vi må be om tilleggsløyving, varsla Ivar-Otto Kristiansen politikarane.