Arrangøren Hjørundfjord filmteater hadde trudd at det kanskje ville bli påmeldt ti bilar til kassebilløpet, men i haustsola søndag var det heile førti startande. Det mangla ikkje på kreativitet blant kassebilane heller, og det frå dei heilt enkle via dei tradisjonsrike til dei som hadde gått nøye til verks. Med startstrek på Hjellen fauk doningane ned bakken til målgangen ved badestranda på Sæbø. Det vart konkurrert i ulike årsklassar, og fellestrekket for alle som deltok i løpet var store smil både før, under og etter løpet.
Kaspar Langedal Myrhol køyrde saman med far Jan Tore Myrhol. Dei hadde berre lovord å kome med Sæbø Grand Prix.