Ville utsetje Sæbø-saka, men nådde ikkje fram

Hans-Olav Myklebust (Frp) prøvde å få kultur- og helseutvalet i fylkeskommunen til å utsetje saka om avslag på spelemidlar til Sæbø IL.

Ville utsetje: Hans-Olav Myklebust ville utsetje saka om spelemidlar til Sæbø IL.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Sæbø IL ser ut til å gå glipp av 300.000 kroner i spelemidlar til det renoverte lysanlegget på Sæbø stadion. Årsaka er ein dugnadsglipp, der noko dugnadsarbeid kom i gang før førehandsgodkjenninga av lysanlegget låg føre.


For tidleg dugnad, kan misse 300.000 kroner

Sæbø IL risikerer eit tap på tre hundre tusen kroner etter at laget ikkje får spelemidlar til det nye lysanlegget. No hamnar saka hos Kulturdepartementet.


Sæbø IL har klaga på avslaget, og klaga vart handsama i kultur- og helseutvalet onsdag.

– Eg prøvde å få til ei utsetjing av saka då det mangla vesentlege dokument til saka. Mellom anna låg ikkje den opphavlege søknaden frå Sæbø IL føre, seier Myklebust.

Men utsetjingsforslaget fall, då fem røysta for og fem i mot. Då vart leiaren si dobbeltrøyst teljande.

Då det vart votert over klaga, røysta to i mot, Myklebust og Sunnmørslista.

– Men vi hadde ikkje noko alternativt forslag. Det er diverre fordi Kulturdepartementet har vore ganske klare på at det ikkje skal gjerast ei skjønnsmessig vurdering i slike saker. Regelverket ligg fast, seier Myklebust.

Saka vert no avgjort i Kulturdepartementet.