Sterke prestasjonar i Saksa Opp

Det vart løyperekordar både for menn og kvinner i Saksa Opp laurdag. Men den sterkaste prestasjonen stod ein 21-åring frå Volda for.
Nyheiter

– Det var heilt fantastisk. Vi er heldige med veret, og det har vore optimalt. Dette var første gong på Saksa, og det freistar til gjentaking, seier Lise Ulstein frå Ulsteinvik. Ho var ein av dei vel 150 mosjonistane som deltok i Saksa Opp laurdag.