Jørgen frå Barstadvik forsyner ørstingar og voldingar med Porsche

Jørgen Romestrand oppfyller draumen om å eige eit eksemplar av luksusbilen Porsche. Fleire av dei trillar på vegane i Ørsta og Volda.

Porsche : Det manglar ikkje på kjøparar som vil sikre seg ein dyrare Porsche av dagleg leiar Jørgen Romestrand på Porsche-senteret på Blindheim. Den utflytte barstadvikaren viser her ein Porsche 2018-modell Panamera Turbo S med 680 hestekrefter. – Det er ikkje slike modellar vi sel mest av. Storparten av kundane kjøper bilar til pluss mnus 1,5 millionar, fortel 38-åringen.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Dei fleste som stig ut av ein Porsche smiler, ung som gammal

Jørgen Romestrand
Nyheiter

Porsche gjer noko med folk, slår den bilinteresserte 38-åringen fast og viser oss rundt: i anlegget til Porsche Center Ålesund, på Blindheim, kryr det av Porsche-bilar i ulike prisklasser, både nye og brukte. Den dyraste som har rulla ut dørene kosta 4,1 millionar kroner, og vart kjøpt av ein mann med stor interesse for dyre bilar. Bilen, ein Porsche 911, vart på fabrikken i Tyskland tilpassa kjøparen sine ønske. I år har bilforhandlaren levert ein Porsche GT3 RS til 3,1 millionar.

– Dette er ikkje det vanlege hos oss. Eit gjennomsnittleg sal handlar om ein bil til halvanna million, pluss minus, fortel den daglege leiaren av Porsche-senteret.