Norhus Ørsta elde hus for 220 millionar i fjor

– Oppskrifta for å lykkast med hus er å halde oss til det vi kan

Etter at husbransjen opplevde ein bråstopp i fjor haust og fram til våren i år, har tidene snudd. Norhus Ørsta melder om rekordtal.

Nøgd: Dagleg leiar Einar Holsvik Einar Holsvik i Norhus Ørsta er godt nøgd med utviklinga i selskapet. Byggjaktiviteten er stor, og snart skal det tilsetjast fleire folk i firmaet.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

– Alt i alt har vi vore gjennom ein stor vekst siste åra og har ei god utvikling, fortel dagleg leiar Einar Holsvik.

I 2017 selde Norhus Ørsta hus for 220 millionar kroner frå basen i Hovdebygda. Bustadene er bygt i Ørsta/Volda og Ålesund. Husprosjekt for 60 millionar er realisert i Ålesund.