Sjukmeldingane i kommunen skal ned

– Må førebyggje betre

– Systemet i kommunen er fantastisk når gjeld å vareta og følgje opp sjuke. Men ein er ikkje flink nok til å unngå at folk vert sjuke.

Sjukmelding: Leiar i levekårsutvalet Odd Magne Vinjevoll (Frp) og rådmann Wenche Solheim vedgår at kommunen kan verte flinkare til å kome med tiltak som gjer at ein unngår sjukmelding av kommunalt tilsette.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Leiaren i levekårsutvalet, Odd Magne Vinjevoll (Frp), meiner Ørsta kommune har mykje å gå på når det gjeld tiltak som kan unngå at tilsette går ut i sjukmelding. Kring hundre kommunalt tilsette er kvar dag vekke frå arbeid. Dette talet meiner administrasjonen og politikarar er for høgt.

Rådmann Wenche Solheim er samd med Vinjevoll om at kommunen har noko å gå på når det gjeld å unngå sjukmeldingar.