Seglbåt tok inn vatn

Det kom mayday-melding frå ein seglbåt torsdag kveld.

Slep: Her får seglbåten slep etter at han tok inn vatn. Foto: Antje Meier  Foto: Antje Meier

Nyheiter

Ein seglbåt måtte torsdag kveld slepast til land ved Festøya då han byrja å ta inn vatn.

Det var ferja B/F Hjørundfjord som tok inn mayday-melding frå seglbåten, med to personar om bord. Meldinga var at båten tok inn vatn. Ferja vart med på å assistere havaristen. Ferja sette ut ein livbåt, men denne var for liten til å slepe båten til land, ifølgje vitne om bord i ferja.

Etter kvart fekk båten slep, og kunne leggje til kai ved Festøya. Der kom brannvernet i Ørsta til for å lense båten tom for vatn.

B/F Hjørundfjord var ei stund ute av drift grunna redningsaksjonen.