784 underskrifter mot massetak

Fredag overleverte Torill Wollmann ei underskriftsliste med 784 namn som protesterer på massetak i Ytrestøylen.

Lister: Torill Wollmann har samla inn 784 underskfiter i protest mot planane om massetak i Ytrestøylen.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Underskriftslistene vart overleverte til Ørsta kommune, då det er på Ørsta-sida av kommunegrensa at Volda Maskin AS søkjer om å få etablere eit massetak.

– Denne saka har skapt engasjement. Vi protesterer mot planane, og med omsyn til naturen, naboane og arbeidsplassar i området, seier Wollmann.

Underskriftsaksjonen har vore nettbasert, og det er underskrifter frå heile landet, sjølv om dei fleste kjem frå nærområdet.

– No håper vi at Ørsta kommune lyttar til oss, seier Wollmann.