– Det verste i karrieren

– Å leie 3–0 over Vartdal, og så oppleve å verte henta inn att til 3–3 på overtid, var den verste augneblinken i trenarkarrieren min i Ørsta og Volda.

Lars Arne Nilsen som Volda-trenar i 1997.  Foto: Arkiv

Lars Arne Nilsen sopm Hødd-trenar.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Det skriv Brann-trenar Lars Arne Nilsen på ein Facebook-tråd fredag.

Det var Jon Helge Bjørndal som i eit portrettintervju med Møre-Nytt for to veker sidan fortalde om den vidgjetne kampen på Vartdal for vel tjue år sidan. Der kring tusen såg laga spele 3-3, og der Bjørndal sjølv, som tryggingsvakt, storma bana då Stein Arve Skoge utlikna for Vartdal på overtid.

Facebook-tråden starta med at «fotballhistorikar» Kjell Johan Aarseth korrigerte årstalet for denne kampen. I Møre-Nytt-saka stod det 1997, men rett årstal er 1996.

Lars Arne Nilsen var i dei åra trenar for Volda. Og han hugsar kampen på Vartdal godt.

– Så storma ein viss Jon Helge Bjørdal, elles fotballformann på Vartdal forbi politisperringane og rett ut på bana. I ellevill jubel. Vi hadde pausepraten i ein buss like ved bana. Vi leia 3-0, og Henning Nydahl sat bakarst i bussen og hadde definitivt teke sigeren på forskot. Vi fekk aldri taket på han Skoge. God spelar, mimrar Nilsen.


Jon Helge Bjørndal

"På bygdene må vi skape våre eigne tilbod"

– Ja, det vart det uverkelege året. Og nokre uverkelege veker. Bana er klar etter 40 års kamp. Og så vart eg gift også.

 

Året etter var 16. mai-kampen mellom Ørsta og Volda. Kampen vart avgjort etter ei skåring av Ole Sunde, og Volda vann 1–0. Diskusjonen går enno om Sunde meinte å leggje inn ballen, eller skyte på mål. Den diskusjonen vil Nilsen avslutte.

– Ole sitt mål var eit skot med innlagt bananskru. Vinden blei analysert, og skotet gjekk inn der det skulle, utakbart for keeper Rekdal i Ørsta sitt mål, fortel Nilsen.

Og det er to kampar som han enno hugsar.

– Det er to minnerike kampar. Beste og verste augneblink i min karriere som trenar i Volda/Ørsta, skriv Brann-trenaren.