Ruteendring på Volda-Folkestad

Siste avgangen over Voldsfjorden vert innstilt også fredag

Ferje Volda - Folkestad  

Nyheiter

Grunnboringa for ny ferjekai på Folkestad har tatt meir tid enn venta og det er naudsynt med ei ekstra natt med arbeid, opplyser Statens vegvesen.

 Siste ferjeavgang frå Folkestad blir framskunda til klokka 22.55 i staden for 23.15 og siste avgangen frå Volda klokka 23.30 blir innstilt også fredag 7. september.

Det var tidligare meldt at siste kveld med endringar i ruta var torsdag 6. september.