Ny kontrakt til Brunvoll Volda

Brunvoll Volda skal levere utstyr til to containerskip

Brunvoll skal levere utstyr til to lasteskip for eit reiarlag på Grønland  Foto: Illustrasjon: Havyard Design & Solutions AS.

Nyheiter

Brunvoll har inngått kontrakt på utstyrspakke til to cargo/container fartøy for Royal Arctic på Grønland, skriv selskapet i ei pressemelding.

Dei to fartøya har byggnummer C797 og C798 ved Zamakona-v erftet i Spania, og er av Havyard 974 design. Utstyret skal leverast innan 2020. Systemleveransen frå Brunvoll  består av gir- og propellanlegg, tunnel thrustarar og komplett kontrollsystem for framdrift og manøvrering. Framdriftsanlegget er ein diesel-mekanisk hybrid konfigurasjon med PTO/PTI for «take-me-home» driftsmode.

–Fartøya skal operere langs kysten av Nordvest Grønland, og leveransen frå Brunvoll er designa for arktiske forhold med høg isklasse. Brunvoll er stolt over nok ein gong å bli valgt som leverandør av framdrift og manøvrering til Royal Arctic Line si flåtefornying, og vi ser fram til eit godt samarbeid med Astilleros Zamakona for å gjennomføre kontrakta, seier Roar Slotsvik, EVP Sales & Marketing i Brunvollgruppa.