2018 har vore eit tørt vêrår

Men august vart mykje våtare enn normalt

I Noreg vart august månad den nest våtaste augustmånaden på 67 år. I Ørsta kom det også mykje meir nedbør enn normalt.

Skodde og regn har det vore ein del av i august. Her frå Saudehornet rett opp.  Foto: Svein Aam

I august kom det 245 mm med nedbør

Nyheiter

Fram til og med juli har det vore mange månader der det har kome mindre nedbør enn normalt. Det viser vêrmålingane til Arild Stokke i Ørsta.

– I juli kom det 45 millimeter med nedør, og normalen er 116 millimeter. Mest nedbør kom 29. juli med 12 millimeter. Den 28. juli målte 34 varmegrader i Ørsta. Dette var makstemeraturen denne månaden, og minimumstemperaturen var 7,7 grader 8. juli, seier Stokke.