Kritikk mot «hemmeleg møte» om Klubben

Naboar på Klubben er kritiske til det dei kallar eit hemmeleg møte mellom politikarar og leiinga ved KA Aurstad AS.

Klubben: KA Aurstad søkte om dispensasjon om å gå djupare i det eksisterande massetaket enn reguleringsplanen tillet, men trekte søknaden rett før den skulle handsamast.   Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Møtet fann stad i Aurstad sine lokale i Hovdebygda kvelden før Samfunnsutvalet skulle handsame ein dispensasjonssøknad om vidare drift ved masseuttaket på Klubben ved Digernes.

I forkant hadde rådmannen tilrådd at søknaden vart avslått, og at saka vart sett i samanheng med den pågåande reguleringsprosessen for området.