Minneord om Jon Kornberg ( 1926- 2018)

"Han er eit av dei finaste menneska eg har kjent."

Jon Kornberg, i mange år distriktslækjar i Ørsta, døydde 26.august. Terje Kjøde har skrive dette minneordet.

  Foto: Lisbeth Bjørneset Myklebust

Nyheiter

Jon Laurits Kornberg er eit av dei finaste menneska eg har kjent. Eg møtte han først då eg var tenåring. Han som lækjar, eg som pasient. Eg merka straks at han brydde seg om korleis det sto til med meg. Eg fekk tillit til han. Han var roleg, og han lytta. På den tida brukte me ikkje ordet empatisk, men det var det han var.

Sidan då var han ein kjenning. Me helste på kvarandre, slo kanskje av ein kort prat, men ikkje noko meir. Det var ikkje noko personleg vennskap. Dette endra seg for nokre år sidan, etter at me begge hadde vorte pensjonistar. Då lærde me kvarandre betre å kjenne, me vart gode venner.