For tidleg dugnad, kan misse 300.000 kroner

Sæbø IL risikerer eit tap på tre hundre tusen kroner etter at laget ikkje får spelemidlar til det nye lysanlegget. No hamnar saka hos Kulturdepartementet.

Fortvila: Øyvind Taklo i Sæbø IL er fortvila over at laget ser ut til å misse 300.000 kroner i forvente spelemidlar til det nye lysanlegget. – Det er ingen å klandre, vi var kanskje naive, og handla i god tru, seier han.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

I samband med at Sæbø IL bygde kunstgrasbane på Sæbø stadion, vart det også konkludert med at det var naudsynt med ei oppgradering av lysanlegget.