Rundt hundre er sjukmelde til ei kvar tid

Slik skal kommunen redusere sjukefråværet

Kring hundre tilsette er vekke frå arbeid kvar dag. No vert det sett i gang fleire tiltak som skal redusere sjukefråværet i Ørsta kommune.

Sjukefråvær: Politikarane i Ørsta meiner sjukefråværet i kommunen er for høgt. No tek administrasjonen tak i saka. Sakshandsamar Hilde Flotve Mo meiner det må kome ei oppdatering av fråværsrutinane som støttar opp om leiaren sitt arbeid og som i større grad stiller krav til den sjukemelde.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

På vegner av rådmannen har Hilde Flotve Mo utarbeidd ei sak om sjukefråværet, og tiltak for å redusere dette, etter ei bestilling frå kommunestyret.

Siste tre åra har sjukefråværet i kommunen lege på rundt 10 prosent. Det betyr at rundt hundre tilsette til ei kvar tid har vore sjukmelde.