Pengedryss til lokalt breiband

Møre og Romsdal fylkeskommune fordeler over sju millionar kroner til breibandutbygging i Ørsta og Volda.

Norangsfjorden: Administrasjonen i fylkeskommunen foreslår ei løyving på tre millionar kroner til breibandutbygging.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Folk i kommunane Smøla, Rindal, Ålesund, Stranda, Ørsta og Volda kan glede seg til betre breibandtilbod, dersom forslaget til administrasjonen går gjennom, heiter det på fylkeskommunen si heimeside.

Stortinget sette av 149,7 mill. kroner til utbygging av breiband i område der kommersiell utbygging ikkje er lønsam. Møre og Romsdal har ei breibanddekning som ligg under snittet nasjonalt og var derfor eitt av dei fylka som fekk mest, 17 295 940 kroner.

I tillegg er det løyvd fem millionar kroner frå tidlegare løyvingar til breibandutbygging, løyvingar som er trekte inn.

Til saman utgjer dette fem millionar kroner, og fylkeskommunen har dermed 22,3 mill. kroner til fordeling i denne saka.

Til utbygging i Ørsta er det foreslått å løyve tre millionar kroner. Dette er til tiltak frå Leknes til Øye. Til Volda er det foreslått ei løyving på 4,37 millionar kroner, og dette skal gå til områda Dravlaus, Hjartåbygda, Austefjorden og Kalvatn.