Flyttar tilbake til Vikegata

– Kommunen og folket ville ha oss tilbake, og no er vi her, midt i smørauget

Etter ni år i Strandgata flyttar Olav A. Myklebust AS tilbake til Vikegata.

Tilbake i Vikegata: Opphaldet i Strandgata varte i ni år. Torsdag nyopnar Fargerike i sine tidlegare lokale i Vikegata. – Det har vore utruleg mange som har sagt til oss at dei ønskjer oss tilbake til Vikegata. Med litt tilrettelegging frå kommunen, der vi mellom anna får opna deler av gågata for trafikk, så tenkte vi: Ja, dette gjer vi! seier dagleg leiar Petter Myklebust.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

– Tilbake til utgangspunktet, kommenterer dagleg leiar Petter Myklebust, midt mellom bering og lossing mellom den gamle og den nye butikken. Det er ikkje få liter med måling og andre varer det er snakk om. 1.300 kvadratmeter skal fyllast på tre dagar. Torsdag er det nyopning.

Det var i 1948 at Olav A. Myklebust AS såg dagens lys. Det var far og mor til Petter Myklebust som starta verksemda, som i år altså feirar 70-årsjubileum. Frå den spede starten på 40 kvadratmeter i Kyrkjegata, til dagens butikk på 1.300 kvadratmeter i Vikegata, og då altså med ein ni års mellomstopp i Strandgata.