Usikkert for ny hurtigbåtrute

– Vi nådde på langt nær dei måla for passasjertal som vi sette oss før sesongen. No er det opp til styret å avgjere om vi skal satse vidare på turar til Hjørundfjord.

Prøveår: Fjord Molde på veg inn Hjørundfjorden tidlegare i sommar. Reiarlaget The Fjords er ikkje nøgde med oppslutnaden om båttilbodet. Foto: Kjell Arne Steinsvik  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Paradokset er at medan vi ikkje har fått så mange passasjerar som ynskt, er tilbakemeldingane frå dei passasjerane som har vorte med på turane, svært gode

Nyheiter

Det seier dagleg leiar Rolf Andre Sandvik i The Fjords, selskapet som i år har hatt tre daglege turar med hurtigbåt frå Ålesund til Øye. Det er selskapet The Fjords, eigd av Flåm AS og Fjord1 AS, som står bak hurtigbåtruta.