Mange ville levere frå seg farleg avfall og småelektro

- Om det held fram på denne måten og oppslutninga vert like god dei andre stadane i Ørsta og Volda, har vi treft godt med tilbodet vårt, seier dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal, etter at VØR måndag ettermiddag og kveld var på Store-Standal og i Barstadvik for å samle inn avfall frå dei raude boksane som vart leverte ut på vårparten.

Kristin Standal var først til å levere frå seg farleg avfall og småelektriske artiklar då VØR hadde innsamling på Store-Standal måndag kveld. Her saman med Anne Mette Farstad og Inge Birger Bjørdal frå VØR.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

I løpet av september og oktober vil VØR ha slike innsamlingar i fleire bygder og tettstadar rundt om i Ørsta og Volda.

Godt frammøte

Responsen og frammøtet var svært god begge stadar. Då Anne-Mette Farstad og Inge Birger Bjørdal frå VØR køyrde frå Barstadvik måndag kveld, var begge varebilane lasta opp med farleg avfall og småelektriske artiklar som det er viktig å få samla inn.

- Det som kom inn var heile spekteret, fortel Inge Birger Bjørdal, og nemner småbatteri og lyspærer, gamle bilbatteri, elektronikk og maling- og kjemikalierestar. Og han legg til:

- Vi ser at mykje av den elektronikken som vi får levert på miljøstasjonen til VØR i Hovdebygda, er nyare elektronikk, medan mykje av den elektronikken som vi fekk inn på Store-Standal og i Barstadvik, var av eldre dato. Det kan tyde på at mange har rydda i kjellarar og i garasjar.

Inge Birger Bjørdal og Anne Mette Farstad  fekk også mange spørsmål om korleis ein skal sortere og kva som skjer med avfallet etter at det er samla inn.

Først til å levere

Den første til å levere då VØR hadde teke oppstilling ved ferjekaia på Store-Standal måndag ettermiddag, var Kristin Standal.

Ho hadde bagasjerommet på bilen sin fullasta med gammal elektronikk, batteri, kjemikaliar og malingsrestar og ein liten gassbehaldar, for å nemne nokre gjenstandar.

- Grunnen til at eg har med så mykje, er at eg har rydda frå to hushald – også huset som foreldra mine budde i, fortel ho.

Mange har ikkje bil

Kristin Standal er svært tilfreds med at VØR har slike innsamlingar også i dei mest avsidesliggande bygdene.

- Husk at det er mange som ikkje har bil og dermed ikkje har høve til å køyre heilt til Hovdebygda for å levere frå seg dette avfallet, seier ho.

Like etter at Kristin Standal hadde kome for å levere, dukka Ivar Urke opp. Han bur i byggjefeltet i Barstadvik, men har småbruket etter foreldra på Store-Standal som han og familien nyttar som fritidsbustad. Også han hadde bagasjerommet på bilen sin fullt, med mellom anna målingsrestar og gammal elektronikk.