Idrettslaget vil bygge ny kunstgrasbane på Mosflata

Her blir det ikkje kunstgras

Ny kunstgrasbane på Mosflata, tribuneanlegg ved Aurstad Arena og oppgradering av grasbana på Ørsta stadion er dei prioriterte årsmøtet i Ørsta idrettslag har gått inn for.

Oppgradering: Idrettslaget vil arbeide for ei fullstendig oppgradering av Ørsta stadion. I tillegg vil dei bygge kunstgrasbane på Mosflata og tribuneanlegg ved Aurstad Arena. – Det er eit godt vedtak for Ørsta idrettslag, seier leiar Erlend Andersen.  Foto: Joachim Åsebø

No står vi samla om vegen vidare

Erlend Andersen
Nyheiter

– Det er eit godt vedtak for Ørsta idrettslag. No står vi samla om vegen vidare og for ei raskast mogleg realisering, seier leiar Erlend Andersen.

Ei sak stod på agendaen då det måndag kveld vart gjennomført ekstraordinært årsmøte i idrettslaget: den framtidige anleggssituasjonen. Saka har engasjert mange og rundt åtti personar tok del i møtet, rundt halvparten unge og aktive utøvarar.