Har fartstid på over 150 år

Volda Bil heidra sine fem tilsette som har vore tilsette i meir enn 30 år.

Heider og ære og medalje for lang og tru teneste. På bildet (frå høgre) Hallgeir Holsvik, Hans-Ottar Magnussen, Bjørn Bjørneset, Asbjørn Vollset og Lene Magnussen.  Foto: Volda Bil AS

Nyheiter

Volda Bil AS har heile fem personar som har vore tilsette i bedrifta i meir enn 30 år.

Det er Hallgeir Holsvik, Hans-Ottar Magnussen, Bjørn Bjørneset, Asbjørn Vollset og Lene Magnussen.

Volda Bil vart stifta i 1981, og Hans-Ottar, Hallgeir og Asbjørn har vore med heilt sidan starten, i vel 37 år. Bjørn og Lene har vore tilsette i om lag 32 år.

Dei fekk utdelt medalje for lang og tru teneste under ein firmatur til Sopot/Gdansk i Polen førre helg, der totalt 37 personar frå alle søsterselskapa, Volda Bil AS, Volda Bilsenter AS og Vest Auto AS var samla til feiring.