I forslaget til rutetabell frå 2020 er ikkje Skår med. I dag er det to daglege avgangar til Skår, på signal.

– Dette vil vere ein katastrofe for Hjørundfjorden, og vil medføre ei tvangsavvikling av Skår, seier Johan Skår. Han bur ikkje lenger på Skår, men er i gang med å arbeide opp eit reiselivsprodukt.

– Men utan ferje er det ikkje mulegheit til å satse på dette, seier Skår.

I konkurransegrunnlaget er det sett opp to rutetabellar for rute 12, ein tabell for ferja mellom Sæbø og Leknes, og ein tabell for ruta mellom Sæbø, Trandal, Leknes og Standal. Her er Skår ikkje lenger med.

Det vert lagt opp til tre daglege avgangar mellom Sæbø, Leknes, Trandal og Standal på kvardagane. Men turane til Trandal og Standal er berre på signal.

Laurdagar vert det i tillegg ein morgontur til Trandal frå Sæbø, og det er tre daglege avgangar til desse bygdene søndagane. Også her er det lagt opp til signalturar.

Dele rutene

Det er i tillegg også laga eit alternativt forslag, der fylkeskommunen som oppdragsgjevar seier at dei kan løyse ut ein såkalla opsjon på eit nytt ferjesamband. Då vert rute tolv berre eit samband mellom Sæbø og Leknes, medan det vert oppretta ei ny rute seksten, og der ferja går mellom Trandal og Standal, og eventuelt også Skår. Då er det ei reserveferje som vert sett i permanent drift. Frå 2022 kan det vere aktuelt å ta med Valderøya og Store Kalvøy i denne ruta.

– Vi er i god dialog med Ørsta kommune om denne saka, og det gjeld også dei som bur på Trandal. Dei vil også få tilbodet vesentleg forringa dersom det berre vert signalturar, seier Skår.

Heller ikkje ei delt rute, der det kjem inn ei eiga ferje for Skår, Trandal og Standal, er det stor tru på. Det vil dele fjorden i to.

– Alle turar er dessutan signalturar. Og det er uhaldbart, seier Skår.

Han er glad for at Ørsta kommune har teke tak i saka, og veit også at fylkespolitikarar er engasjerte.

Kritisk: Johan Skår er sterkt kritisk til at Skår som ferjeanløp kan forsvinne. Foto: Marius Myklebust