Kommunestyret vedtok sist veke å opprette ei ny ingeniørstilling ved eining for vatn og miljø. Det er behov for fleire, fordi kommunen har store utfordringar med vatn og kloakkutbygging.

« Om ein ikkje tilset fleire ser ikkje administrasjonen korleis ein kan unngå forfall i teknisk infrastruktur. Dersom dette går over tid kan noko av dette i verste fall kollapse», skriv teknisk sjef i saksutgreiinga.

Kommunen skal etter planen investere 370 millionar kroner i 30 prosjekt dei neste 3–5 åra. Nytt reinseanlegg på Mork står åleine for ein tredel av denne summen.

Ei framskriving av kostnadene, inkludert den nye stillinga, viser at det går mot ein kraftig gebyrauke dei komande åra.