Korleis er kvardagen din?

Eg er ein mann som likar fjell, turar og natur generelt etter at eg slutta med fotballen. Eg slit med ryggen og ein fot, og får ikkje bruke det så mykje som eg ønsker. Mykje av kvardagen går også med til jobben i Marine Harvest i Hjørundfjorden.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Idrettsanlegget på Vartdal. Etter så mange års kamp blir det endeleg bane der ute.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Det er ein trygg og fin plass å bu. Her er mykje fjell og fjordar som eg likar godt, og det er ein fin plass å vekse opp. Det er det positive. På den negative sida er her lite tilbod for folk som har lyst til å gå ut og ha det kjekt.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta?

Ikkje direkte ein uteplass, men meir uteplassar der folk kan sette seg ned og ha det kjekt saman.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Då hadde eg teke turen ned til min kjære nabo Terje Kjøde og rådført meg. Eg ville fokusert på å få meir folk ut i gatene, gå ut av heimane sine og treffast meir. I utgangspunktet er vel ikkje det ei kommunal sak.

Kven fortener ein blomebukett?

Akkurat i dag så synest eg Jon Helge Bjørndal fortener ein stor blomebukett for arbeidet hans gjennom i alle fall 30 år. Ikkje berre for idrettsanlegget, sidan der er det mange som har bidrege, men jobben han har gjort for idrettslaget og bygda.

I tillegg vil eg gje ein blome til alle som opplever vald i nære relasjonar.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

Ørsting avgjerande i jubelsesongen for Liverpool.

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Eit minne som eg har gjennom heile oppveksten er hunden min Bonso. Frå eg var 3–4 år hugsar eg hovudet hans i vindaugskarmen då eg kom heim og at han spurta ut for å ta meg imot.

Kva får deg til å le?

Eg er ein mann som ler mykje og trivst veldig godt med folk med humor. Humor er veldig mykje som m.a. sarkasme, understatement og tørre vitsar. Eg ler av mykje forskjellig og eg likar å le.

Kva er ditt favorittmåltid?

Krabbe og sjøkreps. Det elskar eg. Med god salat til.

Kva er ditt favoritt-dialektord?

Forvitneleg.