I fråsegna til søknaden om konsesjon meiner formannskapet at fordelane er større enn ulempene ved ei utbygging. På førehand hadde formannskapet vore på synfaring til Standal, og studert utbyggingsområdet saman med grunneigarar.

Ordførar Stein Aam (Sp) var ikkje tvil om kva han ville røyste.

– Kva skal folk i utkanten i Hjørundfjorden leve av viss det ikkje er naturressursane, spurde han og peika på at utbyggarane har teke omsyn til miljø og fossen i elva.

– Eg er samd. Kraftverket vil utgjere ei tilleggsinntekt, også for tilflytta folk, sa Synnøve Rekkedal Hill (Sp) som også drog fram ei anna side av saka:

– Fossen i Nøvedalselva vert framleis synleg frå fjorden. Og det er faktisk slik at tilreisande synest kraftutbyggingane i fjorden er interessante med dei flotte bygga desse har.

Karen Høydal (Ap) peika også på at nyare kraftverk er bygt med stor vekt på det estetiske. Og ho var klar:

– Fordelane er større enn ulempene i saka.

Per Are Sørheim (H) peika også på at det estetiske i fossefallet vert teke vare på.

– Og utbygginga går ikkje på kostnad av naturmangfald eller turisme. Dette er ei avgrensa, nøktern utbygging, sa Sørheim.

Gunnar Knutsen (V) meinte Standal ikkje var den mest estetisk bevarte plassen, og at eit kraftverk ikkje ville skape noko «rystelse».

– Og når om lag alle på Standal vil ha kraftverket, så seier det sitt, sa Knutsen.

Politikarane i formannskapet fekk før dei diskuterte saka på bordet eit brev skrive av grunneigar Olav Hope på Standal. Der går det fram at grunneigarane har teke omsyn til det estetiske og bevaring av fossen.

– Det store fleirtalet av grunneigarane har gått inn for å bygge ut ei elv så lite skjemmande og med så lite naturinngrep som mogleg. Hadde vi teke med fossen i utrekningane, ville utbygginga blitt både større og mykje meir lønsam. Men det var semje om at vi ikkje ville det, nettopp for å bevare det mektige inntrykket, skriv Hope.

Kommunen har som kjent vedteke turisme og reiseliv som framtidig leveveg og næringsgrunnlag i Hjørundfjorden.

– Dette er veldig bra, men eg trur kombinasjonen med levande bygder og gardsbruk i drift også er viktig, skriv Hope.

Grunneigar: Olav Hope orienterte om kraftverket. Foto: Janne Marit Myklebust Foto: Janne-Marit Myklebust