Det seier styreleiar Erlend Urkegjerde i Urke Landhandel. Dei er ein av fleire småbutikkar landet over, som står i fare for å miste støtte frå det såkalla Merkur-programmet Blant dei er også nærbutikken i Barstadvik.

Merkur-ordninga er eit utviklingsprogram for butikkar i distrikts-Noreg. Målet er å sikre distrikta tilgang til ein nærbutikk (og bokhandel) av god kvalitet. No står heile ordninga i fare for å forsvinne, då Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil overføre ordninga til fylkeskommunane.

– Urke Landhandel har fått støtte mellom anna til å kunne oppgradere campingen, som no har vorte ei viktig inntektskjelde for landhandelen. Elles har vi også fått såkalla sørvisstøtte på 100.000 kroner. Dette er støtte som vert gitt til butikkar med låg omsetning, og med lang veg til neste butikk.

Utan Urke Landhandel måtte bygdefolket – og dei mange turistane – ha handla andre stader, og då gjerne ein ferjetur unna, på Sæbø.

– Butikken er viktig for alle som bur på Urke, og for alle tilreisande. Det er to-tre månader om sommaren då det går veldig godt, og så er det vanskelegare utanom turistsesongen. Då er Merkur-ordninga gull verd for Urke Landhandel. Det er kritisk for oss om dette fell vekk, seier Urkegjerde.

I år har dei også investert i nytt kassaapparat og nye kjølediskar. Dette har dei råd til fordi Merkur-ordninga gjer at dei kan få dekt opptil 75 prosent av beløpet (ekskl. moms).

– Dette er med på å halde liv i butikken. Og når små bygder har butikk, er dette også med på å halde liv i bygda. Skal det bu folk på slike stader, og skal det vere mogleg å drive turisme, då må der vere ein butikk. Med det vi ser på Urke dei seinare åra, med auken i turisme, og også med Hurtigruten som kjem hit på hausten, så er det klart at bygdefolket gjer sitt for å kunne halde på butikken. Det er bygdefolket som eig han, og dei vil nok stå på til det siste for å kunne halde fram. Vi håper at Merkur-programmet kan halde fram.