– Eg trur alle ser at det må gjerast noko med denne veggen. Om ein kan lage noko pent og kult, har vi kome ein lang veg, seier Ante K. Lundberg, som er ein engasjert volding og kunsttilhengjar.

Som fleire andre, ønskjer han at forbipasserande skal få noko meir estetisk å sjå på enn ein burgundermåla vegg som murpussen ramlar av. Veggen på samfunnshuset har sett slik ut sidan den store klatreeføyen vart fjerna tidlegare i år, fordi han gjorde skade.

– Skal vere fint og innbydande

Håvard Krøvel-Velle, ein annan kar med stor interesse for gatekunst, peikar på at kunstforma har vorte populær mange plassar i landet.

– I Fosnavåg har dei leigd inn kunstnaren Sven Curak til å utsmykke ganske store kvite flater i sentrum. På Hareid har dei hatt eit liknande prosjekt. I byar som Bergen og Stavanger er det også mykje gatekunst, seier han.

Dei to understrekar at gatekunst ikkje må forvekslast med tagging, som vert rekna som hærverk.

– Tanken er at gatekunst skal vere fint og innbydande. Det er ein fryd å sjå på dei veggane som vert pynta av dei som kan dette, seier Lundberg.

Han håper eit stort gatekunstverk etter kvart kan pryde ein av bygda sine mest synlege vegger:

– Ein stygg og sliten vegg der ein har teke ned eføyen, vert snakka om i negative ordlag. I staden kan ein lage noko som vert snakka om i positive ordlag.

Skal pynte ved Øyraelva

Ellen Hesselberg, leiar i gruppa Trivsel i sentrum, er samd:

– Spanande veggmåleri vil gagne Volda. Folk vil kome og sjå på dei, hugse dei, og ta bilete til Instagram. Det kan generere turisme om ein lagar meir liv i sentrum. Ein må satse litt. Kanskje næringsliv og kommune ser dette er nyttig, og vil vere med å sponse, seier ho.

Trivsel i sentrum har også planar om å skape aktivitet langs Øyraelva. Den 20. oktober vert det aktivitetskveld med lysinstallsjonar.

– Det er også snakk om å få laga eit spesielt veggmåleri der. Alt er ikkje spikra enno, men ei jente frå Estland som driv med tredimensjonale bilete ønskjer å bidra.

Gategalleri

Stefan Halck, som er dagleg leiar for Volda næringsforum har tidlegare arbeidd med å få gatekunst i sentrum gjennom prosjektet «Mellom bygningane i Volda». Han stiller seg positiv til å få meir kunst på grå sentrumsvegger.

– Det er nedfelt ein utviklingsplan for Volda sentrum, der utsmykking og kunst er noko ein bør satse på, seier Halck.

– Det har vorte ein trend at ein brukar meir gatekunst. Ikkje berre veggmåleri, men at ein brukar det offentlege rom på ein litt anna måte. Ein urban kvalitet, er at ein vert overraska og utfordra når ein går gjennom sentrum og ser nye ting som livnar litt opp. Ein anna fin kvalitet med gatekunst, er at det er tilgjengeleg for alle, heile tida.

Idédugnad

Korleis eit eventuelt gatekunstverk på samfunnshuset skal løysast reint praktisk, kven som skal måle det, og kva motiv det skal vere, er det større uvisse om. I alle fall må byggeigaren, Volda kommune, vere med på planane.

– Samfunnshuset er ein kultursal og kino. Kanskje kunne ein hatt eit motiv som hadde noko med det å gjere, og gir eit inntrykk av at her er det noko som skjer, seier Lundberg, som oppmodar folk om å engasjere seg for å få gjort noko kreativt med veggen.

– Ver positive. Skriv inn til avisene og sei at dette vil vi sjå og betale for, og legg litt press på politikarane.