Helse Møre og Romsdal ønskjer å flytte ambulansestasjonen ved sjukehuset til Hovdebygda. Årsaka er mellom anna at det vert kortare utrykkingstid for alle som bur i Ørsta. I dag er det for dårleg responstid for ein av fem ørstingar (20 prosent), i følge Helseføretaket.

- Helse Møre og Romsdal vert målt på responskrava som styresmaktene stiller. Det viser seg diverre at dei i dag ikkje er tilfredsstillande for delar av innbyggjarane i Ørsta kommune, skriv Helse Møre og Romsdal i eit brev til Volda kommune.

I Volda har 96 prosent av befolkinga responstid innanfor gjeldande krav, og i Ørsta berre 80 prosent, i følge tala frå helseføretaket.

Volda protesterer

Volda kommune har vore kritisk til planen om å flytte ambulansestasjonen ut av Volda.

- Eg opptatt av at ambulansestasjonen og den framtidige legevakta må koplast tett saman, og at denne stasjonen bør ligge ved sjukehuset, seier ordførar Jørgen Amdam i Volda.

Han meiner den gamle Hjelpepleiarskulen ved sjukehuset bør bli ny ambulansestasjon/legevakt.

På eit felles møte for ordførarane på Søre Sunnmøre fredag prøvde Volda- ordføraren å få dei andre kommunane på Søre Sunnmøre til å vere med på eit felles utspel.

- Vi må prøve å få helseforetaket til å snu, sa Amdam til Møre-Nytt før møtet.

Men han fekk berre delvis gjennomslag. Søre-ordførarane ber om at Helseføretaket inngår ein mellombels avtale på fem år om leige av lokale til ny ambulansestasjon i Ørsta.

- Vi konkluderte med at helseføretaket kan inngå ein mellombels avtale om nye lokale i Ørsta. Men vi har eit ønskje om samlokalisering mellom ambulansestasjon og legevakt i framtida etter 2022, så vi ber dei om å inngå ein kort leigekontrakt, seier ordførar Knut Erik Engh i Ulstein.

Med andre ord så godtar Søre-ordførarane flytting på kort sikt og arbeider for samlokalisering på lang sikt. Dette vart også godtatt av Volda.

- Så får vi sjå kva helseføretaket seier til det, seier Amdam.

Han  er kritisk til talmaterialet som helseføretaket har lagt fram.

- Det kan ikkje stemme at 96 prosent av befolkinga i Volda er innanfor godkjend responstid. Dette må bety at alle dei 1.400 på vestsida ikkje er rekna med. Dessutan vert repsonstida for heile Ørsta betre når vi får Volda-tunnelen.

Ordførar Stein Aam og rådmannn Wenche Solheim i Ørsta, saman med Volda-ordførar Jørgen Amdam, på ordførarmøtet fredag. Foto: Svein Aam