Administrerande direktør Karita Bekkemellem i Legemiddelindustrien (LMI), bransjeforeininga for legemiddelindustrien i Noreg, er storleg imponert over bioteknologi-selskapet Arctic Nutrition AS i Hovdebygda sitt arbeid der målet er å få godkjent eit legemiddel mot hudsjukdommen psoriasis. Måndag besøkte Bekkemellom bedrifta på Rystelandet saman med to andre toppar i LMI etter at Legemiddelindustrien i sommar tok opp Arctic Nutrition som medlem. Nålauget for å verte medlem er trongt og krava til medlemskap er strenge. Karita Bekkemellem er glad for at gründerane i Ørsta er teken opp som medlem i organisasjonen som har store, globale medlemmer.

– No håper eg vi kan hjelpe Arctic Nutrition med å få fortgang i å få realisert ein fabrikk i Hovdebygda for farmasøytisk produksjon. Dette selskapet driv med noko unikt i prosessen med å få utvikla ein ny medisin, ikkje berre mot psoriasis, men kanskje også mot diabetes og Alzheimer, i tillegg til å førebyggje andre sjukdommar. Viss selskapet lykkast, noko eg har stor tru på, snakkar vi om eit eventyr, seier ei begeistra Bekkemellem.

Innan fem år er målet til Arctic Nutrition å ha ein legemiddelfabrikk til 150 millionar kroner, kanskje i Hovdebygda.

Godkjenning

Administrerande direktør i Arctic Nutrition, Ole Arne Eiksund, seier at medlemskapen i LMI no markerer starten på siste fase for å få godkjent legemiddelet mot psoriasis. Eiksund er svært glad for at selskapet han leier har kome i godt selskap som det første frå Sunnmøre.

– Vi har no rykt opp ein divisjon og har kome i ein organisasjon som skal fremje våre interesser. Medlemskapen er eit kvalitetsstempel for den forskings- og utviklingsjobben som er gjort her i Hovdebygda. Vi får no også langt betre synleggjort den jobben vi gjer, og vi får god draghjelp. Karita Bekkemellem er i seg sjølv draghjelp med eit kontaktnett, seier Eiksund.

Arctic Nutrition har brukt fleire år og store ressursar for å dokumentere effekten av silderognekstrakt mot psoriasis. For å få marknadsføringsløyve for ein medisin må ein dokumentere kvalitet, tryggleik og effekt.

– Kvaliteten er vi trygg på at vi skal levere, og fordi silderognekstrakt vert henta ut frå ei matvare og innhaldsstoffa er konsumert av millionar allereie, er vi også trygge på tryggleiken. Då står i prinsippet att effekten som det einaste usikre. Når det er sagt så veit vi at silderogna har effekt mot psoriasis, seier Eiksund.

Studie

Arctic Nutrition gjennomfører no ein klinisk studie på hudavdelinga på Haukeland universitetssjukehus under leiing av seksjonsoverlege Kåre Steinar Tveit.

– Dersom studien gir positive resultat, vil vi starte eit program med kliniske studiar for å skaffe fram dokumentasjon til å søke godkjenning som legemiddel i EU og USA, fortel Eiksund.

I den avsluttande fasen vil selskapet gjennomføre ein såkalla fase III-studie, som inneber utprøving på 400–500 pasientar i fleire land.

– Ein vellykka fase III-studie vil danne grunnlaget for ein søknad om marknadsføringsløyve i EU i 2021, fortel Eiksund.

Tysdag vil Blue Innovation-arena offentleggjere medlemskapen i LMI saman med Arctic Nutrition og administrerande direktør Karita Bekkemellem i LMI. Under markeringa vil Arctic Nutrition også fortelje om reisa frå ingrediensselskap til legemiddelselskap – og potensialet for å lage ny helseindustri på Sunnmøre.

– Målet vårt er å søke om marknadsføringsløyve i løpet av tre år, seier Ole Arne Eiksund.

Framtidsretta

Karita Bekkemellem seier at Arctic Nutrition gjennom å søkje medlemskap og verte oppteken som medlem no har teke framtidsretta grep.

– Eg er imponert over den gründermentaliteten dei har her i Hovdebygda, og at dei torer å satse, dreg med seg lokale investorar, og at dei ikkje tek eit nei for eit nei. Vi skal ta godt vare på Arctic Nutrition og ha eit godt samarbeid med dei. Vi treng selskap som dette i Noreg som kan vise seg konkurransedyktig på produksjon, pris og kvalitet, seier Bekkemellem.

Besøk: Toppane i legemidelindustrien besøkte måndag Arctic Nutrition på Rystelandet. Foto: Roy-Arne Folkestad