Rådgjevar Toril Romestrand Hjelle i skuleseksjonen opplyser at det helga før skulestart er påmeld følgjande tal førsteklassingar på skulane Ørsta kommune:

9 elevar på Dalane skule, 12 elevar på Hovden skule, 50 elevar på Velle skule, 48 elevar på Vikemarka skule, 6 elevar på Sæbø skule, 11 elevar på Vartdal skule, og 6 elevar på Åmås friskule.

Flest førsteklassingar skal altså starte på Velle skule.

– Det er alltid tilflytting og fråflytting i sentrum krins, men kulla veks. Vi har elevar som har flytta hit så seint som denne veka, opplyser Romestrand Hjelle.

– Er det kapasitet til alle?

– Alle elevane skal verte tekne godt i mot. Arealkrava er ikkje akkurat oppfylte, men det er noko som eigedomsseksjonen og politikarane arbeider med. Vi får håpe vi får det på plass etter kvart.

Til saman skal 619 elevar starte på barneskulen og ungdomsskulen i sentrum måndag.

– Vi er glade for alle som brukar beina eller syklar, og håper bilførarane tek omsyn til at det er så mange elevar i området.