Det fortel Thomas Christiansen Hansen (28), som torsdag opna eigen osteopati-klinikk i Vikegata.

Her skal han drive klinikken i kontorfellesskap med Maria Halse, som har ein akupunkturklinikk.

Hansen (28) har vore i Ørsta i to år, og vore tilsett hos Optimal helseklinikk. No ser han fram til å vere sin eigen herre.

– Det vert sjølvsagt spennande og utfordrande, og eg gler meg. Eg har fått gode tilbakemeldingar frå venner og pasientar, og som har sagt at dei vil ta kontakt om dei får problem, seier Hansen.

Han er utdanna osteopat og muskelterapeut.

– Vi plar seie at vi behandlar alt av ledd- og muskelsmerter frå stortåa til hovudsmerter, seier Hansen.

Osteopati vert rekna som alternativ medisin, men i fleire land i Europa, vert osteopati sett på som ein del av det offentlege helsevesenet. I sommar vart blant anna osteopati autorisert i Danmark.

– Og i Noreg har forbundet vårt ei pågåande sak overfor Stortinget for å få autorisasjon, seier Hansen.

Osteopatar behandlar manuelt. Undersøkinga og behandlinga går føre seg ved bruk av hendene.

– Fyrst handlar det om å kartleggje symptoma, og å finne årsaka. Vi må finne ut av sjukdomsbiletet for å sjå vekk frå om det er noko alvorleg som gjer at eg burde vise pasienten til lege eller anna helsepersonell. Vi plar seie at vi ser på heile kroppen. Sjølv om det kan handle om ein vond rygg, kan årsaka vere ein annan stad i kroppen. Vi skal behandle årsaka, ikkje berre symptoma, forklarar Hansen.

Sjølve behandlinga handlar om massasje, tøying, leddjusteringar (knekking) der føremålet er å auke blodsirkulasjonen, auke rørsla og redusere smertene.

– Vi driv med såkalla passiv behandling. Det vil seie at alt skjer på benken, men eg kan gje folk enkle treningsprogram om dei ynskjer det, fortel Hansen.

Når han no startar for seg sjølv, har han også helgevakt.

– Det er fordi ingen kan «bestemme» når dei får vondt i ryggen, og ofte skjer det dessverre i helgene når folk gjer ting ein vanlegvis ikkje gjer.