Saka var på dagsorden då ordførarane i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre var samla i Ørsta fredag. Nordøyvegen ligg an til ein kostnadssprekk på ein milliard, og dermed vert det lite pengar til andre fylkeskommunale prosjekt. Initiativet om å drøfte eit felles utspel om å utsetje Nordøyvegen kjem frå Ulstein-ordførar Knut Engh.

– Vi kan ikkje sitje stille i båten, fordi kostnadane med Nordøyvegen potensielt får store konsekvensar for heile regionen, ja heile fylket. I vår region har vi mange prosjekt i startgropa. Vi har mellom anna dei vidaregåande skulane i Ørsta og i Herøy og du har utdjuping av hamna i Fosnavåg, og bruene i Herøy, seier Engh.

Engh er opptatt av at kommunane på Søre Sunnmøre skal stå samla

– Ønskjer du eit vedtak om at Søre Sunnmøre vil stanse Nordøyvegen?

– Vi må diskutere kor langt vi skal gå og korleis vi skal målbere kritikken. Poenget er at vi må stå samla og vere ei klar og tydeleg stemme til fylkestinget.

Ordførar Jørgen Amdam i Volda er ein av dei som ville ha eit tydeleg vedtak.

– Eg er klar for å drøfte om vi skal utsetje heile prosjektet, for det legg ei klam hand over heile utviklinga i fylket.

– Fryktar du for store lokale prosjekt, mellom anna skulen i Ørsta.

– Ja, og i tillegg fylkesveg 60 i Hornindal og rassikring. Også Campus Arena i Volda der vi vil ha fylkeskommunen som partnar.

Ørsta-ordførar Stein Aam var skeptisk til ei utsetjing.

– Det kan bli like dyrt å stanse Nordøyvegen, som å ikkje gjere det. Eg meiner saka med Nordøyvegen har kome så langt at det må kome finansiering utanfrå, anten frå staten eller private og kommunar, slik at vi kan få finansiert restmilliarden. Eg trur ikkje det er mogleg å reversere vegen, seier Stein Aam.

Under ordførarmøtet vart det semje om at saka ikkje skal setjast påspissen no.

- Vi er  samde om å avvente og sjå kva fylkerådmannen kjem med i ei utgreiing om økonomien i fylkekommunen. Så får vi ta det derifrå gjennom Sunnmøre regionråd. Alle er urolege for konsekvensane, men vi må få heile bildet før konkluderer, seier ordførar Knut Engh i Ulstein.

Ulstein: Knut Engh fryktar konsekvensane av kostnadssprekken for Nordøyvegen. Foto: Svein Aam