Ifølgje tiltalen leverte mannen meldekort til NAV med uriktige opplysningar om kor mange timar han hadde arbeidd for arbeidsgivaren sin. Dette gjekk føre seg i ein periode frå juli 2016 til juni 2017. Mannen opplyste til NAV at han hadde arbeida i 285 timar, medan han faktisk hadde arbeida i 1.370 timar. Dette gjorde at mannen urettmessig fekk utbetalt 169.274 kroner i dagpengar.

I Søre Sunnmøre tingrett kom mannen med atterhaldslaus tilståing. Retten meiner at bedrageriet som mannen har gjort er grovt. Mannen var tidlegare dømd. Grunna det høge beløpet fann tingretten grunn for å fastsette ei straff av fengsel utan vilkår.

I skjerpande retning har retten lagt vekt på at bedrageriet gjekk føre seg i nesten eitt år. I formildande retning viser retten til at beløpet er under tilbakebetaling.

Mannen vart i Søre Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i førtifem dagar. Den domfelte erklærte at han tok omrømmingstid etter at dommen var felt.