Det seier gruppeleiar Ola Perry Saure i kommunestyregruppa til Ørsta Senterparti.

Han seier han reagerer sterkt på at Ørsta Høgre igjen kjem med eit utspel om kommunen sin økonomi.

– Eg vert overraska over at Ørsta Høgre heile tida skal svartmåle den økonomiske stoda i Ørsta. Faktisk skjer her mykje positivt, og det særleg i dei siste tre åra, der Senterpartiet har styrt, seier Saure.

Vanleg prosess

Han meiner det ikkje er grunn til å gjere noko forhasta.

– Vi skal ha ein vanleg prosess med økonomiplan og budsjett, og der vil vi sjølvsagt ha naudsynte gjennomgangar av økonomien. Det er ingen grunn til hovudstups å gjere noko ekstraordinært, seier Saure.

Ørsta Høgre går inn for ei kommunesamanslåing med Volda. Saure og Senterpartiet vil ikkje gå for dette, men har stor tru på eit såkalla blokksamarbeid kommunane på Søre Sunnmøre imellom.

– Der kan vi få til store effektiviseringar, samstundes som vi held tenestenivået oppe, seier Saure.

– Inga sparebøsse

Gruppeleiar Hans-Olav Myklebust i Ørsta Frp peikar på at i dei tre siste budsjetthandsamingane har Høgre anten røysta for budsjettforslaga, eller kome med alternative forslag som etter hans syn berre skil seg marginalt frå fleirtalsvedtaka.

– Det har vore eit oppdemt investeringsbehov, og som vi har vore nøydde til å ta i denne perioden. Dette har Høgre vore med på, seier Myklebust.

– Ørsta kommune skal ikkje vere ei sparebøsse. Vi skal bruke inntektene til det beste for innbyggjarane våre. Det handlar sjølvsagt også om forvalte ressursane på best mogleg måte.

– Framover må vi sikre at kommunen er attraktiv, har gode skular, barnehagar og sjukeheimar, seier Myklebust.

Når det gjeld kommunesamanslåingar er det Myklebust og Frp sitt syn at det ikkje handlar om økonomi, men i større grad utvikling og identitet.

– Kommunesamanslåingar skal ikkje skje fordi vi kan byggje store «fabrikkar» for skular og institusjonar sentralt. Det må eventuelt skje for at vi kan løfte både sentrum og bygder, seier Myklebust.

Usamd: Gruppeleiar Hans-Olav Myklebust i Ørsta Framstegsparti er usamd i Høgre sine varskurop.