Tidlegare i sommar skreiv Volda kommune ved ordførar Jørgen Amdam og rådmann Rune Sjurgård brev til Helse Møre og Romsdal der dei var kritiske til flyttinga av ambulansestasjonen. Administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal har no svart på brevet, og merkar seg at seg at brevet frå Amdam og Sjurgård vert referert til «ambulansetenesta ved Volda sjukehus».

– Det er viktig å understreke at ambulansetenesta er til for befolkninga. Ambulansetenesta skal til ei kvar tid sørgje for så optimal dekking av innbyggjarane som mogleg, skriv Remme.

I analysen som helseføretaket har nytta har dei teke med dagens Hornindal kommune.

– HMR vert målt på responskrava som myndigheitene stiller. Det viser seg dessverre at dei i dag ikkje er tilfredsstillande for delar av innbyggjarane i Ørsta kommune.

I den siste publiserte målingane oppnår HMR nittiseks prosent i grad av etterleving etter måla i Volda kommune, og åtti prosent i Ørsta kommune.

– I akutte situasjonar er tida som går før helsehjelp blir gitt viktig, av og til avgjerande for behandlingsmoglegheiter og utfall.

Remme peikar på at ambulansestasjonen ved Volda sjukehus ikkje stettar krava til tilfredsstillande arbeidsmiljøforhold for dei tilsette.

I brevet frå Volda kommune blir det peikt på synergieffektar av å vere samlokalisert.

– Den bygningsmessige utviklingsplanen som vart vedteken av styret i mars 2018, skal styrke og prioritere bygningsutvikling ved Volda sjukehus som lokalsjukehus med akuttfunksjonar. Slik planen ligg føre, er det ikkje lagt til rette for samlokalisering av legevakt ved akuttmottaket med bakgrunn i først og fremst arealmessige tilhøve og dei faglege anbefalingane.

Remme understrekar at helseføretaket skal sikre helsehjelp av god kvalitet og som følgjer krava om responstid.

– Helseføretaket er forplikta til å gi mest mogleg lik helsehjelp for alle våre innbyggarar, og må då også gjere grep som styrkar det totale tilbodet for innbyggjarane, skriv Remme som opplyser at dei no vil sende ut anbodspapir for å skaffe nye lokale til ambulansetenesta.