Han har gått Noreg på langs og kom heim torsdag kveld. Ein stor gjeng frå Vartdal hadde tatt turen til Ørsta-Volda lufthamn for å ta imot han, og kommunen var representert med ordføraren.

- Han står for ein imponerande prestasjon, og det må vi gjere stas på, sa ordførar Stein Aam, medan mor til Iver, Svanhild Vartdal, rulla ut raud løpar i ankomsthallen.

Overraska

Så kom den heimvende sonen, frå 71. grader nord, via Tromsø og Bergen. Han var slett ikkje budd på all merksemda som venta.

- Dette var overraskande, men det er kjekt. Det har vore berre kos. Det er som å kome heim frå fire månader på Gran Canaria, og so seier folk «å kor tøff du e», og det er velkomskomite på flyplassen.

- Har du lengta heim?

- Nei hadde eg hatt tid skulle eg gått tilbake til start. Men eg kan vel ikkje berre gå rundt i fjellet heile livet.

- Er du ikkje gåen?

- Jau, eg har vore gåen no siste tida, men det er ikkje berre kor gåen du er som definerer kor godt du har det.

Fire månader

Iver starta turen frå Lindesnes 14. april, og har gått 2700 kilometer på 120 dagar. På turen har han tatt av 18 kilo. Han har hatt telt i ryggsekken, men også overnatta innandørs.

- Mor og far har sponsa nokre hotellovernattingar. Dei klarte ikkje å seie nei, når guten ringde heim og sa at han fraus, seier Iver.

Og han har hatt mykje fint ver.

- Eg følgde fineveret nordover.

- Kvifor la du i veg på dette?

- Eg hadde lyst å gå tur, for eg likar å gå.

Ordførar Stein Aam meiner Iver har utført ei bragd.

- Eg er stolt som halv vartdaling. Det er ein stor idrettsprestasjon, så stor at vi eigentleg ikkje forstår det, sa ordføraren til dei frammøtte.

Ingen kviledag

Iver hadde ingen planar om å ligge på latsida når han kom heim. Han hadde på førehand uttalt at han skal stille på lakseslakteriet på Vartdal fredag klokka 0800 for å jobbe.

Men då mor Svanhild inviterte alle dei frammøtte på flyplassen til pizza og fest på Vartdal torsdag kveld rauk den planen.

- Eg kjem klokka 12.00 sa han til arbeidsgjevaren på lakseslakteriet.

Og over helga byrjar han på ingeniørhøgskulen.

- Kva sit du att med av opplevingar?

- Eg har fått eit anna perspektiv på ting. Det har vore hardt, men det har vore total friheit. Og det har gitt meirsmak. Det er fantastisk natur her i landet. Men eg manglar Svalbard og Dronning Mauds land for å ha vore i heile Noreg, så det spørst om det vert det neste.