Brunvoll har signert kontrakt med Fitjar Mekaniske Verksted AS, for levering av komplett framdrift, manøvrering og kontrollsystem til ein brønnbåt til rederiet Hordalaks AS.

–Skipsdesignet er eit samarbeid mellom Heimli Design AS og Fitjar Mekaniske Verksted AS. Leveransen frå Brunvoll vil finne stad innan tredje kvartal 2019, skriv Brunvoll i ei pressemelding.