Veronica Kvalen Pilskog er tilsett som informasjons- og kommunikasjonsrådgjevar i banken. Det opplyser Sparebank 1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding.

- Veronica er 27 år og kjem opphaveleg frå Brandal, men er i dag busett i Volda. Ho kjem frå stillinga som kommunikasjonsrådgjevar ved Høgskulen i Volda og har også nyttig realkompetanse gjennom arbeid for Innotown i Ålesund og verv som styreleiar i Kommunikasjonsforeininga i Møre og Romsdal. Ho er utdanna innan PR, kommunikasjon og mediafag og er i ferd med å gjennomføre ein master i praktisk mediefag. I tillegg har ho eit årsstudium i økonomi og leiing frå Høgskulen i Ålesund.

- Tilsettinga vil medføre at banken får styrka kompetanse og ressursar innanfor informasjon og kommunikasjon og dette vil vere ei viktig drivkraft for å oppretthalde og vidareutvikle banken.

Kvalen Pilskog tek til i stillinga i løpet av oktober.