–Den overordna målsettinga er å gje tilbod om konsertar med musikarar på internasjonalt toppnivå og tilby eit program med store musikalske opplevingar, skriv Sunnmøre Kammermusikkfestival i ei pressemelding.

Årets festival 2. – 8. september inviterer til konsertar på Bjørke inst i Hjørundfjorden, i Ørsta og Volda og ut mot havet på Hareid. Like mangfaldig som den sunnmørske naturen, er konsertprogrammet for festivalen.

–Kvar konsert har sitt særpreg.Kammermusikken har ein intimitet som skaper nærleik mellom utøvarar og tilhøyrarar. På den måten blir kvar konsert ei særeiga oppleving, seier Gunnar Stave, som er styreleiar for kammermusikkfestivalen.

Dei kunstnarlege leiarane, fiolinisten Annar Follesø og pianisten Wolfgang Plagge, har sett saman eit program  som på ulike måtar krinsar rundt temaet evolusjon, den gradvise utviklinga i musikken. Konsertane blir ei reise i musikkhistoria. Tysdag i festivalveka vil Wolfgang Plagge halde eit foredrag om temaet.

Barn, ungdom, student

Sunnmøre kammermusikkfestival legg også vekt på å gi unge musikarar i regionen ein stimulans til vidare utvikling. I programmet har vi fleire tilbod til elevar i kulturskulane og andre interesserte. Høgskulen i Volda, kulturskulane og Volda vidaregåande skule er viktige samarbeidspartnarar for festivalen.

–I samarbeid med festivalen deler Sparebank 1 Søre Sunnmøre kvart år ut eit talentstipend på kr 25 000 til ein ung musikar frå vår region. Stipendet vert delt ut på avslutningskonserten i Volda kyrkje, står det i pressemeldinga.