Byggverket, som dei fleste er samde om er alt anna enn pent, er om lag 8 meter langt, 3-4 meter breidt og 6-7 meter høgt. Det er ei tsåkalla moffehus, kan prosjektingeniør Egil Åmbakk i Mørenett fortelje.

–Det var brukt for å føre den gamle sjøkabelen over til høgspentlinja. Vi måtte ha eit hus for å overvake kabelen, som var fylt med olje. No har vi fått ny kabel som ikkje er fylt med olje, og ei ny linje, og det er ikkje bruk for moffehuset, seier Åmbakk.

Han reknar med at hyttefolket, og andre som ferdast på Berkneset, er glade for at betongkonstruksjonen vert fjerna.

– Kva skal skje med området?

– Vi har ingen spesielle planer.